Læringsverkstedet Sæ barnehage har 112-120 barn og 33-36 tilsette, fordelt på 7 avdelingar. Barnehagen er delt i blå fløy og grøn fløy, blå fløy er frå 3-6 år og grøn fløy er fra 0-3 år.
Me ser på naturen og nærmiljøet som ein verdifull ressurs, som me nyttar aktivt kvar dag. Barnehagen ligg på Ås i nærleiken av Leirvik sentrum. Her har me nær tilgang til byliv, kulturhus, ei aktiv hamn og kai, og alt som skjer i eit levande sentrum. Ås skogen og skogen ved museumsparken er populære turmål for dei yngste barna. Me har i tillegg tilgang til sjø, vatn og strand, lavvo på Kattatveit, gapahuk og museumsparken med det vesle huset.
Borna på blå fløy har også tilgang på to minibussar. Bruken av desse er fordelt mellom avdelingane på blå fløy, og dei er i dagleg bruk. Dette gir oss gode mogleikar til å nå turmål eit stykke ifrå barnehagen. Desse turmåla kan vera på Stord, Sagvåg, Litlabø, Fitjar, Bømlo og Sveio. Me kjem oss til fjellet, skogen og stranda. Barna får mellom anna fiska, gå på oppdagingsferd, klatra, ake, vassa eller gå på topptur.
Arbeidsoppgåver
- Ha medansvar for at dei praktiske og pedagogiske arbeidsoppgåvene blir gjennomført i samarbeid med øvrige personale i barnehagen.
- Gi omsorg for barn.
- Bidra til god kommunikasjon mellom barnehage og heim.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
- Du må ha god helse, slik at du kan være ein aktiv vaksne saman med barna.
- Gode norskkunnskaper - både muntleg og skriftleg.
- Godkjent politiattest må leggjast fram før evt tiltreding.
Sertifikat på minibuss er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner.
- Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barns leik og utvikling.
- Evne til å arbeide godt under press.
- Blid, tålmodig, omsorgsfull og syner respekt for barna, føresette og kollegaer.
- Løysningsorientert og fleksibel.
- Inne ha ein positiv holdning.
Me tilbyr:
Moglegheit til å være med å påvirke, lære, veksa og lykkas.
Tariffavtale gjennom PBL.
Ressursbank for alle tilsette med tilgang til mykje felles materiell, elektroniske verktøy og støttesystem.
Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer i eit arbeidsmiljø prega av raushet og humor.
Gode pensjons og forsikringsordningar.