Ledig 100% fast stilling som embryolog/bioingeniør ved Fertilitetssenteret, Kvinneklinikken.
Fertilitetssenteret er ein poliklinikk som tilbyr behandling til par som ønsker barn. Arbeidet går føre seg i eit tverrfageleg team av legar, sjukepleiarar, kontortilsette og laboratoriepersonell. I dag er det 20 tilsette i eininga.
Fertilitetssenteret har arbeidd med assistert befrukting sidan 1987 og tilbyr i dag dei fleste former for behandling som er tillatt i Noreg. Ein utfører ugreiingar, forsamtalar, behandling med assistert befrukting, sædanalysar, testisbiopsiar, hysteroskopiar, vannscan og fertilitetsbevarande behandling for kvinner og menn.
I dag held vi til i Kvinneklinikken sine lokale i Årstadhuset, men eininga skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus i 2025. Etter flyttinga skal aktiviteten aukast og behandlingstilbodet utvidast med sæddonasjon og eggdonasjon.
Arbeidsoppgåver
- Delta i alle laboratorieprosessar i tilknyting til gjeldande behandlingstilbod
- Meistre eukaryot celledyrking og sterile arbeidsteknikkar
- Utføre sædanalysar i henhald til WHO-standard
- Delta i kvalitetssikringsarbeidet i seksjonen
- Ha dialog med pasientar i behandling
Kvalifikasjonar
- Utdanning/sertifisering som embryolog, bioingeniør eller som minimum ha bachelorutdanning i biovitenskaplege fag
- Søkar bør ha erfaring med eukaryot celledyrking og sterile arbeidsteknikkar
- Søkarar utan praktisk erfaring med eukaryot celledyrking bør vise til gode praktiske laboratorieferdigheiter
- Motivasjon for ESHRE sertifisering er ønskeleg
- Søkar må delta aktivt i teamet og samarbeide godt med andre profesjonar
- Det er ein fordel at søkar har erfaring frå kvalitetssikringsarbeid
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Søkarar utanfor Skandinavia bør dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg og som minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå (legg ved dokumentasjon).
- Søkar bør arbeide strukturert, sjølvstendig og være engasjert og kvalitetsorientert
- Søkar bør ha gode kommunikasjonsevner og trivast med teamarbeid
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Eit svært aktivt og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Opplæring vil bli gitt og søkjar må kunne meistre oppgåvene etter gitt opplærings- og progresjonsplan
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Trine Elholm Bjånesøy, Rådgivar, 55974274
Siren Skrede, Seksjonsleiar, 55974244
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4867255614
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2024