Lignende stillinger
Vi søkjer engasjerte ungdomar til sommarjobb i perioden 14. juni -- 27. juli.
Er du mellom 16 og 20 år, nysgjerrig på arbeid i kyrkja og har lyst på ein meiningsfull sommarjobb? Då bør du lese vidare! Vi har to ledige deltidsstillingar på inntil 40 % i sommar.
Kva ser vi etter?
Vi ønskjer oss deg som:
• Kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
• Visar initiativ og engasjement
• Er nysgjerrig på eller vurderer ei framtidig jobb i kyrkja
• Kan vise til referansar utanfor eigen familie og vener
Arbeidsoppgåver kan vere:
• Planlegging og gjennomføring av diakonale tiltak
• Deltaking i og støtte til gudstenesteliv
• Enkle administrative oppgåver
• Å lage og gjennomføre opplegg for ungdom(mellom anna leir)
Vi tilbyr:
• Erfaring og innsikt i korleis det er å jobbe i kyrkja
• Godtgjersle etter KA-tariff, vert utbetalt som honorar etter endt arbeidsperiode
• Erfaring du kan føre opp på CV-en
Anna:
Den som vert tilsett må kunne framvise tilfredsstillande vandelsattest, jfr. trossamfunnsloven §20, jfr. politiregisterloven §39.
Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja.
Skriv ein kortfatta søknad der du presenterer deg sjølv og kva motivasjonen din er for å søkje stillinga. Legg ved ein CV som syner kva du har gjort tidlegare. Søknadsfrist: søndag 25. mai 2025