Lignende stillinger
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF.
Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
På sjukehusapoteket i Haugesund er vi ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og nokre sjukepleiarar. Hos oss får du rundt 40 kjekke og dyktige kollegaer, fordelt på fire ulike avdelingar.
I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Fonna får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept. I avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelper vi legar, sjukepleiar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel.
I tillegg har vi eit spennande arbeid med å få på plass eit pakkeanlegg for eindosar. Her pakkar vi enkle legemiddel i kvar sin pose. Desse sender vi ut til alle sjukehus på Vestlandet, slik at det blir enklare og tryggare både for dei som gir og får legemidla.
Frå før av er det rundt 20 apotekteknikarar her, og no ser vi altså etter deg som vil styrke gjengen vår ytterlegare. Som apotekteknikar bidrar du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte. Dei fire avdelingane samarbeidar tett, og du får sjansen til og må forvente å arbeide i fleire av dei.
Vi forventar ikkje at du har erfaring med alle oppgåvene frå før, men at du har lyst og interesse for å lære. Elles ser vi etter deg som ønskjer å bidra til levere gode tenester til sjukehus og pasientar, som likar å ta på seg nye oppgåver, som set pris på å samarbeide med andre og har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko.
Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling du jobbar i, her er nokre eksempel:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.