Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Vil du bli vår nye overstyrmann?

Fjord1 AS

Fv670 370, 6622 SUNNDAL
Fast
Privat
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad
Vil du vere med å styre ei av Noregs mest tradisjonsrike ferjestrekningar?Fjord1 søkjer no etter overstyrmann til M/F Stangvikfjord på sambandet Kvanne - Rykkjem. Dette er eit av dei eldste og mest intensive ferjesambanda i landet, med 68 daglege avgangar. Her får du verkeleg utvikla dine ferdigheiter innan manøvrering og navigasjon!

Kvifor velje Fjord1 og Kvanne - Rykkjem?
🚢 Attraktiv skiftordning: Døgnvakt med 2 veker på, 2 veker av. Perfekt for deg som vil ha god balanse mellom jobb og fritid. For dei som bur i nærleiken er det mogleg å dagpendle.
⚡ Moderne og velutstyrt ferje: M/F Stangvikfjord (2020) er ein el-hybridferje med toppmoderne utstyr og ein smart bro-løysing som gjer arbeidskvardagen din enklare og meir effektiv.
🛠 Utvikling av ferdigheiter: Den intensive drifta gjev unik erfaring innan manøvrering og navigasjon, noko som gjer dette til ein flott arbeidsplass for deg som vil utvikle deg vidare som skipsførar.
🏠 Tilrettelegging for pendlere: Fri bustad på arbeidsstaden for deg som treng overnatting i arbeidsperiodane. Fjord1 dekker også reise til og frå jobb (over 30 km).
🍽 Gode fasilitetar om bord: Eit godt mattilbod gjennom samarbeid med Matvarehuset, og eksternt firma som tek seg av dagleg reinhald.
🤝 Sterkt arbeidsmiljø: Gode kollegaer, god stemning mellom skifta og solide støttefunksjonar frå landorganisasjonen gjer at du alltid har eit team i ryggen.

💬"Det beste med å jobbe her er kombinasjonen av moderne teknologi, gode arbeidsvilkår og det sterke samhaldet mellom mannskapet. Her får du verkeleg utfordra og utvikla deg som navigatør, samtidig som du jobbar i eit godt og stabilt team."

 


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Oppgåver iht alarminstruks
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • ECDIS kurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: Døgnvakt - 2 veker på, og 2 veker av.
  • Første og siste tur i arbeidsperioden dekkes (over 30 km)

Kontaktinformasjon

Lise-Beathe Naas, Bemanningskoordinator, +47 93853263, [email protected]

Arbeidsstad

Fv670 810
6640 Kvanne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4955743894
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2025