Skulen har om lag 550 elevar. Vi tilbyr programfagområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og kunst, design og arkitektur. I tillegg til vårt tilbod i helse- og oppvekstfag med ordinært opplæringstilbod har vi tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer studiespesialiserande fag. Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har vi tilbod om kvardagslivstrening og arbeidstrening.
Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Du kan lese meir om oss
her.
Arbeidsoppgåver
- støtte og gjennomføre opplæring for elevar som treng tett oppfølging
- arbeide ut frå elevane si individuelle opplæringsplan
- delta aktiv i teamet rundt eleven og på avdelinga
- arbeide med pedagogisk utviklingsarbeid, i tråd med skolens pedagogiske plattform og utviklingsplan
- det vil også vere oppgåver knytt til stell
Kvalifikasjonar
- fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar. Andre fagområde kan også vere relevant
- ein vil i stor grad også vektleggje personlege eigenskapar til denne stillinga
- søkjarar med høgare utdanning (t.d. vernepleiar, ergoterapeut) kan i nokre tilfelle tilsettast som miljøterapeut
- erfaring frå liknande arbeid vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- du har gode samarbeidsevner, har godt humør og trivest med å jobbe i team
- du må like å vere fysisk aktiv og å kunne ta i eit tak når det trengs
- du må kunne jobbe sjølvstendig med elevar og gjennomføre planlagde aktivitetar
- du har gode kommunikasjons- og relasjonsevner
- du må vere trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd, og kunne stå i utfordrande situasjonar
Vi tilbyr
- eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
- løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysninger
- vi gjer merksam på at i følgje offentleglova $25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.
- Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
- administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
- den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest av nyare dato
Kontaktinformasjon
Vivian Norstrand, avdelingsleiar, 90835519,
[email protected]
Arbeidsstad
Olsvikåsen 152
5183 Olsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4954875897
Stillingsprosent: 89%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 28.04.2025