Lignende stillinger
Vi har ledig tre faste 100% stillingar som rettleiar ved Nav Bjørnafjorden.
Du skal følge opp brukarar i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav skal betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Vi arbeider på tvers av tre avdelingar i Nav Bjørnafjorden og i Nav region Midthordland. Brukermedverknad er sentralt for å lukkast med inkludering i samfunnet. Stillingane inneber oppfølging av eigen portefølje og det er viktig at du trives med å møte nye menneske og at du har evne til å gi andre jobbhåp. To av stillingane vil vere plassert i avdeling avklaring, velferd og forvaltning. Ein av desse vil vere knytta til å jobbe med kvalifiseringsprogrammet (KVP). I tillegg til arbeidsretta oppfølging ligg også forvaltningsoppgåver knytt til sosiale tenester i nav her. Ei stilling vil vere plassert i avdeling arbeid og oppfølging. Her er arbeidsoppgåver knytt til arbeidsretta oppfølging aap. Stillingane kan endrast ved behov.
Arbeidsstad
Nav Bjørnafjorden, Holtbrekka 7
Arbeidsoppgåver
Vi er ein organisasjon i endring og endring i arbeidsoppgåver kan førekomme.
Kvalifikasjonar
Ønskeleg med:
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er motivert for stillinga og som har evne til å arbeide sjølvstendig, og i lag med andre. At du er mål og resultatorientert er også positivt.
Stillinga krev at du er strukturert og har evne til å følge opp eigen portefølje.
Personlege eigenskapar vert verklagt.
Vi tilbyr
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.