Ønskjer du å utvikle deg som jurist, ha ein variert og spennande kvardag og aktorere straffesaker i retten? Då kan ei stilling som politifullmektig/politiadvokat hos oss vere noko for deg.
Vi har ledig eit vikariat i 6 månader som politifullmektig/politiadvokat i Molde.
Felles eining for påtale er samansett av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar. Seksjon for påtale Romsdal er stadsplassert i Molde.
Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og iretteføring av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom ei forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksportefølja i distriktet. Eininga har ansvar for å sjå til at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar og andre direktiv for straffesaksarbeidet blir etterlevde, og at omsynet til objektivitet og rettstryggleik blir varetatt i alle stadium av straffesaksbehandlinga.
Arbeidsoppgåver
- Påtaleansvarleg i tildelte saker
- Handtere eigen portefølje
- Utføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
- Utføre jourteneste etter tenesteplan
- Leie, avgrense, setje mål for og følgje opp framdrift i etterforskinga
- Sørgje for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
- Kontakt med media
- Kan av leiar påleggjast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendige
- Juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap ved tiltreding
- For å bli vurdert som politiadvokat er det som hovudregel krav om utvida påtalekompetanse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønska
- Erfaring frå politi/påtalearbeid eller tilsvarande relevant juridisk arbeid
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du:
- Kan handtere stor arbeidsbelastning og høgt tempo
- Er effektiv og beslutningsdyktig
- Har evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidrar til eit godt fagleg og sosialt miljø
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, motivasjon, eignaheit i stillinga og ei hensiktsmessig sammensetjing av seksjonen.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforma her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
- Stillinga blir lønna som politifullmektig, stillingskode 0288, eller politiadvokat, stillingskode 1245
- Brutto årslønn for politifullmektig er frå kr. 585 000 til kr. 680 000, for politiadvokat frå kr. 650 000 til kr. 780 000. Høgare lønn kan vurderast for særskilt kvalifiserte søkjarar
- Endeleg lønnsplassering er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
- Stillinga er i dag omfatta av særavtale om arbeidstidsbestemmelser (ATB) for påtalejuristar, og kompenserast for tida med kr. 42 824 per år
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Moglegheit til trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Anders Skorpen-Trøen, Seksjonsleiar, 48 20 15 40
Arbeidsstad
Strandgata 2
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt
Referansenr.: 4973083964
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.06.2025