Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Fast i sommarrute og ressursgruppe i ein attraktiv 2:4-turnus!

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

HORDVIK, 5108 BERGEN
Fast
Privat
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Er du klar for å bidra til framtidas transportløysningar?

Fjord1 er eit av Noregs leiande ferjeselskap. Vi leverer trygg og påliteleg transport for passasjerar og kjøretøy langs norskekysten. No søker vi ein dyktig og engasjert matros som ein del av vår ressursgruppe, med fast omdisponering til sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd, p.t. MF Lifjord.

Dette er ein del av vår nye strategi for å styrke ressursgruppa gjennom faste tilsetjingar. Som matros vil du utanfor sommarsesongen vere ein del av ressursgruppa og bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy som MF Lifjord,  MF Solskjel og  MF Sogn.

Sommarrute: 15. mai – 15. oktober 2025 på MF Lifjord
Skiftordning: 98 timars arbeidsveke (14 timar per dag), med 2 veker på, 4 veker av.
Vi vurderer moglegheita for individuelle tilpassingar i skiftordninga i vinterperioden.

Kvifor velje oss?

  • Variert arbeid: Ein spanande og variert arbeidsdag med utfordrande oppgåver.
  • Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 4 veker av gir deg ein god balanse mellom jobb og fritid.
  • Fantastiske kollegaer: Jobb saman med engasjerte og erfarne sjøfolk.
  • Karrieremoglegheiter: Vi gir deg verdifull erfaring hos Noregs leiande ferjerederi.
  • Moglegheit for å bu om bord: Du kan bu om bord i arbeidsperiodane, eller reise heim etter ynskje.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av

Kontaktinformasjon

Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704, [email protected]

Arbeidsstad


5108 Hordvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4911770463
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025