Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar tenesteutvikling frå 01.12.2024. Stillinga er plassert i stabseining for strategi og samordning og arbeidsstad er Nordfjordeid.
Som rådgjevar arbeider du tett saman med leiargruppa i kommunen. Du medverkar i prosjekt,- og utviklingsarbeid, har sakshandsamingsoppgåver, koordinerer og legg til rette for gode prosessar og god måloppnåing.
Arbeidsoppgåver
- Plan- og utviklingsarbeid for oppvekstområdet
- Vere ein initiativtakar og pådrivar for kompetanse- og utviklingsprosjekt innan oppvekst
- Rådgjeving, prosjekt- og prosessleiing for heile organisasjonen
- Analysearbeid
- Sakshandsaming
- Arbeid med felles system og rutinar
- Oppgåver kan variere etter kompetanse, behov og samfunnsutvikling
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå innanfor oppvekstfeltet og/eller juridiske fag
- Ønskeleg med leiarerfaring
- Ønskeleg med erfaring i prosjekt- og prosessleiing innan plan- og utviklingsarbeid
- Kjennskap og/eller utdanning i relevant lov- og avtaleverk - kommunal forvaltning
- Meget gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Nynorsk er administrativt skriftspråk
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, jobbar sjølvstendig og jobbar godt saman med andre
- Du er positiv, tek initiativ og fullfører oppgåver
- Du er strukturert og analytisk
- Du arbeider målretta og systematisk
- Du kan syne til stabilitet og kontinuitet over tid
Vi tilbyr
- Eit godt fag- og arbeidsmiljø og varierte oppgåver
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til kompetanseheving og vidareutvikling
- Flyttegodtgjersle om du flyttar til Stad kommune
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Referansar bør vere av nyare dato og frå overordna. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med stabsleiar strategi og samordning.
Kontaktinformasjon
Kristin Otneim Aarsnes, stabsleiar strategi og samordning, 99 60 40 80
Harald Sivertsen, kommunalsjef oppvekst og opplæring, 98 07 98 73
Arbeidsstad
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 4864356827
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024