Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Tannlege - fast stilling

Askøy klinikkområde - Sentrum Tannhelseområde

KLEPPESTØ, 5300 ASKØY
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Sentrum tannhelseområde har ledig 100% fast stilling som tannlege frå 01.09.25 ved Askøy tannklinikk.

Tenestestad er for tida ved Askøy tannklinikk. Klinikken er lokalisert på Kleppestø senter, som ligg sentralt på Askøy like ved Kleppestø kai og bussterminal. Det er kort reiseveg frå Bergen sentrum. Det går passasjerbåt mellom Kleppestø kai og Strandkaien i Bergen sentrum. Ca 13 minutters overfartstid.

Klinikken er moderne og har flotte lokaler med 11 behandlingsrom. Det er et godt fagmiljø med hyggjelege kolleger: 6 tannleger, 4 tannpleiere og 9 tannhelsesekretærar.


Kvalifikasjonar

Du må ha norsk autorisasjon som tannlege
Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk, evt engelsk
Den som blir tilsett i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som
Likar å jobbe med mennesker og som set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og mestrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har gode kommunikasjonsevner
Har gode samarbeidsevner
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Vi tilbyr

Løn etter avtale, med ei minsteløn på f.t. kr 640 000,-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.  Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.  Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

 

Kontaktinformasjon

Kristian Blystad Houge, klinikkleiar, 47391770
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298

Arbeidsstad


5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4962744420
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2025