Lignende stillinger
Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi søker deg som har interesse for skipsbygging og skipsoppgradering, og som gjerne tek på deg ei utfordring. Arbeidsoppgåvene vil variere, og du vil bli ein del av eit dyktig fagmiljø.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande.
Det er ønskeleg med relevant fagbrev, som t.d. industrimekanikar, sveisar eller platearbeidar.
Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.
Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustings- og dokkhall. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.