Lignende stillinger
Frå 1. august -25 er det ledig 140% faste lærarstillingar i Ål kommune, pt ved Nordbygdene skule.
Grunnskule
Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle spennande, innovativ og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Vi treng lærarar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer. Det er spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg. Vi treng lærarar som kan vera kontaktlærar og som brenn for å jobbe med begynneropplæring/dei yngste/småtrinnet.
Skulane i Ål
Ål kommune har ein desentralisert skulestruktur med både små og litt større skular; Torpo skule, Nordbygdene skule og Nedre-Ål skule. Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ønskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap ved skulane våre.
Nordbygdene skule er grendeskulen til bygdene Votndalen, Leveld og Vats, og ligg langs Nordbygdvegen i Leveld. Nordbygdene skule er ein barneskule med 50 elevar fordelt på 1-7 trinn der klassane er organisert fådelt. Nordbygdene barnehage held også til her, og uteleikeplassen er felles med barnehagen.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Send søknad
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her