Lignende stillinger
Samnanger kommune søkjer etter fastlegevikar ved Samnanger helsetun frå midten av november 2024 til september 2025.
Fastlegeheimelen har pr i dag ei listelengde på ca 700 pasientar. Fastlegestillinga utgjer i dag 80 %, men stillingsstorleiken kan tilpassast om ønskeleg.
Legepraksisen ved Samnanger legekontor er veldrevet og innarbeida i eit triveleg helsesenter. Helsesenteret er samlokalisert med fysioterapeut, ergoterapeut, kommunepsykolog, helsestasjon og jordmor. Helsetunet ligg ca 40 minuttar køfri køyring frå Bergen.
På legekontoret vil du jobbe med tre erfarne fastlegar og tre erfarne helsepersonell, der ein er sjukepleiar og to er helsesekretærar. Helsesenteret har eit velutstyrt laboratorium med EKG, spirometri, 24 timers BT-apparat og doppler. Ein nyttar journalsystemet Infodoc Plenario.
Legevakt:
Samnanger kommune har interkommunalt vaktsamarbeid med Bjørnafjorden kommune på kveld/natt og i helg. Legevaktstasjonen er lokalisert i moderne lokaler på Moberg, Os, og vaktene vert fordelt mellom legane i Samnanger og Os.
Det er pr i dag låg vaktbelastning, med høve til fleire vakter om ein ønskjer.
Legevakt på dagtid, kvardager 08.00-16.00, vert delt mellom dei fire legane ved Samnanger legekontor. Samnanger kommune har ein 24-7-bemanna First Responder-bil som bistår legen ved utrykning på dagtid.
Krav
Ønskjer
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Helseeininga består av følgande underavdelingar: kommunal fysioterapeut og ergoterapeut, kommunepsykolog, jordmor, helsesjukepleiarteneste inkl. helsestasjon for ungdom, kommuneoverlege og legekontor. Legekontoret har 4 fastlegar, 1 sjukepleiar og 2 helsesekretærar. Fastlegane har bistilling som sjukeheimslege og helsestasjonslege. På helsetunet har me også eit privat fysikalsk institutt. Alle avdelingar er lokaliserte på helsetunet. Helseavdelinga driv eit utstrekt arbeid innafor kurativt og førebyggande arbeid både når det gjeld somatisk og psykisk helsearbeid.