Lignende stillinger
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for førebygging, Seksjon for førebygging er det ledig ei fast stilling ved Politiets nettpatrulje Vest.
Politiets nettpatrulje Vest består av 6 polititilsette; ein fagleiar, ein kombinert etterretning/operatør, og 4 operatørar. I gruppa er nokon forholdsvis nyutdanna, mens andre har jobba i politiet i lengre tid. Seksjon for førebygging er stasjonert i Bergen sentrum og består av fleire førebyggjande funksjonar, som førebyggjande koordinator, radikaliseringskontakt, koordinator for trusselutsette, politiets Nettpatrulje, næringslivskontakt m.fl.
Nettpatruljen vart etablert i oktober 2019 og har hatt ei spanande utvikling etter dette. Vi har no nærare 890 000 følgjarar til saman på Facebook, Instagram og TikTok. I 2021 vann vi "Social Media Awards" for årets virksomhet/merkevare og har fått mykje merksemd i media. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter til å vera kreativ.
Nødvendig:
Ønskeleg:
Vi ynskjer også at du er modig og heilhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Vi jobbar saman for fellesskapets beste i tråd med lover, reglar og våre verdiar
Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfold er en styrke. Vi treng medarbeidere med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysning. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjer i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane danner grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.
Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr. 25/67776