Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Psykologspesialist

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen

Kvassnesvegen 40, 5914 ALVER
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege, psykologspesialist og psykolog. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykologspesialist. Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa.

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter ein psykologspesialist i 100% fast stilling til fagområdet psykose i psykoseteamet på Knarvik. Stillinga gir rom for alternativ tenking knytt til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som psykologspesialisten nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming. Psykolog med god erfaring og interesse for psykosefeltet kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare.

Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ psykoseteam Knarvik

* Teamet er tverrfagleg samansett med overlegar, sosionom, arbeidspesialist, spesialsjukepleiar, spesialvernepleiar.Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken

*  Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken har totalt ca 200 pasienter i behandling, ca 60 av dem i psykoseteam på Knarvik.

Bjørgvin psykose døgnbehandling:

*  Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuleutdanna personale med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk

*  Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i klinisk vaksenpsykologi med vedtakskompetanse ihht psykisk helsevern lov
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande psykologspesialiststilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Lønn etter avtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Maria Klevidal, Overlege, 55957000
Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, 90980134

Arbeidsstad

Kvassnesvegen 40
5914 Isdalstø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4890465021
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.12.2024