Lignende stillinger
Vik kommune søker kokk for ferievikariat i 100% stilling på sjukeheimen i Vik, i perioden frå 23. juni - 01.august 2025. Mogelegheit for kommunal overnatting.
Om arbeidsstaden
Kommunen er liten (2500 innbyggjarar) men tenkjer stort, og yter tenester i nye moderne lokale med sjukeheim, lokale til heimetenester, psykiatri, institusjonskjøkken, dagtilbod, legekontor, rehabilitering og omsorgsbustader.
Institusjonskjøkkenet i Vik er nyinnflytta i nye, moderne lokaler. Arbeidstida er på dagtid måndag til fredag. Kjøkkenet leverer varm lunsj og varm middag alle kvardagar, samstundes som ein har produksjonsdag for kok-kjøl måltid som vert servert på helg og høgtid.
Me tilbyr
Me tilbyr sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. Vår arbeidsdag er variert og spanande!
Me tilbyr gode vilkår for søkjarar med relevant kompetanse.
Kvalifikasjonskrav
Fagbrev som kokk. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Løn etter kommunalt avtaleverk. Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknadar på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast i søknadsportalen. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og arbeidserfaring blir lasta opp saman med søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.