Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Driftsteknikar

Fjord kommune

Olavsgata 10, 6210 FJORD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Fjord kommune søkjer etter 1 driftsteknikar som eig yrkesstoltheit og ønskjer å bidra i Fjord kommune si tekniske eining. Stillinga vil ha oppmøtestad i Valldal.

Den tilsette i stillinga vil bli ein del av driftsteamet, som består av driftsteknikarar og driftsoperatørar som deler ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunens bygg- og eigedomsmasse, kommunale vegnett, samt vatn- og avlaupsanlegg. Stillinga vil hovudsakleg innebere drift og vedlikehald av bygningsmasse, men kandidatar med kompetanse innan dei andre ansvarsområda (VVA) vert oppmoda til å søkje.

Vi søkjer etter ein positiv, løysingsorientert og fagleg engasjert person som kan bidra med eigen kompetanse og styrke vårt team. Samarbeid på tvers av ulike ansvarsområde er viktig for å sikre effektive løysingar på oppgåvene.

Det er ynskjeleg at den tilsette kan gå inn i teknisk vakt, og det er ein fordel om ein kan vere ein del av brannvernet til kommunen. Kompetanse innan elektro vert sett på som ein fordel.


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk drift av kommunale bygg
  • Internkontroll
  • Energioppfølging
  • Vedlikehald av kommunale bygg invendig og utvendig
  • Eventuelt inngå i vaktordning for Fjord kommune

Kvalifikasjonar

  • Primært fagbrev innen håndverksfag/byggfag, eventuelt anleggsfag
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for eventuelt manglande fagbrev
  • God økonomisk forståing
  • Digital kompetanse
  • Førarkort klasse B
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Ønskeleg med kjennskap til lovverk knytt til bygningsdrift

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk og strukturert
  • Evne og vilje til samarbeid
  • Er ansvarsfull
  • God gjennomføringsevne
  • Godt humør

Vi tilbyr

  • Spanande, variert og utfordrande arbeidsoppgåver i eit erfarent og tverrfagleg fagmiljø
  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon

Kornelija waagan, Ingeniør - Byggdrift og VVAR, +47 41867905

Arbeidsstad

Olavsgata 10
6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 4959511349
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025