Lignende stillinger
Er du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med menneske?
Vågsmarka er eit døgnbemanna bufellesskap for mennesker med utviklingshemming. Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL ferdigheter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å legge til rette for sosial deltaking og aktivitet.
Dei tilsette hos oss har ulik fagkompetanse og alderssammensetning. Me er opptatt av å skape eit inkluderande arbeidsmiljø, der alle er med og bidrar. Me yt dei beste tenestene når me trivast på jobb.
No søkjer me etter miljøarbeidar/helsefagarbeidar til fast stilling som nattevakt i 64 %. Her får du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag, samstundes som du får utfordre og utvikle din faglege og personlege kompetanse. Stillinga inneber arbeid i årsturnus som nattevakt med arbeid kvar 3. helg.
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
Me ser etter deg som
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Hos oss vil du få høve til å arbeida med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der me er oppteken av kunnskapsdeling og -heving.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett i fagarbeidar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.