Lignende stillinger
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gjev psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarene i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy., samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2025 eit budsjett på 164 millionar kroner, og ca 220 tilsette fordelt på omtrent 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.
Vi ønskjer denne gongen å styrke vårt DBT-team, samt styrke vårt tilbod til pasientar som treng noko anna enn det "tradisjonelle polikliniske tilbodet". Det gjer at vi denne gongen søkjer etter to engasjerte psykologspesialistar/psykologar, gjerne med tidlegare erfaring med DBT eller pasientar med samansette vanskar.
Begge stillingane vil vere lokalisert ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes,Den ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk som i tillegg til eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg har to allmennteam, eit Angst- og depresjonsteam, 4-dagers behandling for panikklidelse og sosial angst, Team i eksponerande traumeterapi, Team for spiseforstyrrelser, ROP-team, Familieteam, Søvnteam og Akutt ambulant team med utvida åpningstid. Vi har og eit MBT -team som er organisert på tvers av våre allmennpoliklinikkar. Vi har ei spennande gruppeavdeling med ulike samtalegrupper i tillegg til utrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Her er det altså rikeleg anledning til å kunne fordjupe seg innanfor ulike område av allmennfeltet i tillegg.
Er du ein engasjert psykolog-/psykologspesialist som har lyst å jobbe i eit godt miljø, både fagleg og sosialt så vil vi gjerne høyre frå deg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.