Lignende stillinger
Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar i medisinsk seksjon, sengepost.
Dersom du ynskjer å opparbeida deg solid erfaring og god kompetanse innanfor fleire spanande fagområder ynskjer me DEG med på laget!!!
Medisinsk seksjon består av merkantilt personell, poliklinikkar, dialyseavdeling og sengepost.
Som sjukepleiar på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell.
Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ynskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ynskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.