Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 380 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Amalie Skram vgs.
Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.
Den som vert tilsett får opplæring i drift og vedlikehald på bygningar og tekniske anlegg.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg
- Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt
- Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen
- Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga
- Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med Eigedomsavdelinga
- Vera eigedom sin brannvernleiar, opplæring vil bli gitt.
- Andre oppgåver knytt til drifta
Kvalifikasjonar
- Fagbrev med erfaring, fortrinnsvis som byggdriftar, røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller anna relevant handverksbakgrunn.
- Lang erfaring innan fagområdet kan kompensera for fagbrev.
- Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg.
- Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø.
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.
- Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen.
- God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy for FDV og systematisk vedlikehald.
- Løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Spanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for faglig utvikling
- Organisering av eigen arbeidskvardag
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Per André Strand, områdeleiar, 98466998, [email protected]
Arbeidsstad
Lungegårdskaien 40
5015 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4903226782
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025