Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

PhD Stipendiat

Psykiatrisk klinikk/ Legar i spesialisering i Psykiatrisk divisjon, Helse Bergen HF

Sandviksleitet 1, 5036 BERGEN
Engasjement
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vi lyser ut ein stilling som PhD-stipendiat i Restart-prosjektet: Reetablering av normalt samspel mellom tarm og hjerne ved anorexia nervosa med normal tarmflora

Prosjektet er ein randomisert studie som skal inkludere 36 pasientar over 18 år som startar poliklinisk psykoterapi for anorexia nervosa. Vi vil undersøke om psykoterapi kombinert med tilførsel av normal tarmflora frå frisk givar (fekal mikrobiota transplantasjon, FMT) gir betre forløp enn psykoterapi utan FMT. Prosjektet blir gjennomført i eit samarbeid med Universitetet i København og distriktspsykiatriske sentre i Helse Vest og Helse Møre og Romsdal.

Stillinga er treårig og inneber i tillegg til forsking og forskingsopplæring samarbeid med forskarar ved Universitetet i København, og med einingane som rekrutterer pasientar til studien.

PhD-opplæringa vil gå føre seg i samarbeid med Medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre obligatoriske aktivitetar i forskingsutdanninga
  • Praktisk samhandling med dei einingane som rekrutterer pasientane til studien og med forskingsmiljøet ved Universitetet i København
  • Datainnsamling inkludert innsamling og lagring av prøvar, databearbeiding og analyse 
  • Artikkelskriving og publisering
  • Samanskriving av doktorgradsavhandling
  • Deltaking i møte med prosjektgruppen, rekrutterande einingar, psykoterapirettleiarar, laboratorium og brukarorganisasjonane 

Kvalifikasjonar

  • Fullført mastergrad i sjukepleie eller tilsvarande
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring med kvantitativ forskingsmetode er ein fordel
  • Erfaring med pasientar med psykiske plagar er ein fordel  

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte
  • Analytisk
  • God gjennomføringsevne
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Kan ta ansvar
  • Vere løysingsorientert  

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Deltaking i eit internasjonalt samarbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Stein Frostad, Prosjektleiar, 95003257, [email protected]
Trude Merete Ramberg, Seksjonsleiar, 55958449, [email protected]

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4904054259
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.05.2028
Søknadsfrist: 16.02.2025