Lignende stillinger
Høgskulen i Volda, avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, søkjer etter økonomimedarbeidar i vikariat. I første omgang er vikariatet på 100% frå 1.1.2025 til og med 30.6.2025, men behovet kan strekke seg til 31.12.2025.
Den som vert tilsett vil samarbeide nært med fagleg og administrativt tilsette ved avdelinga. Stillinga rapporterer til administrasjonssjefen.
Søkjar må ha:
Søkjar bør ha:
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Dine ansvars- og arbeidsområde vil i hovudsak vere:
For at vi til ei kvar tid skal vere i stand til å løyse dei administrative oppgåvene i avdelinga på ein best mogeleg måte, kan ansvars- og arbeidsoppgåvene i stillinga bli endra/justerte i samsvar med nye eller endra behov.
Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: 1363 seniorkonsulent frå kr 570 900 - kr.610 055,-
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til høgskulen ved administrasjonssjef Ragnhild Paulsen, tlf. 90 63 46 65.
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no