Er du ein engasjert og dyktig psykiater med spesialistkompetanse innan vaksenpsykiatri? Ønskjer du å vere med på å forme framtida for psykosebehandling ved ein nyetablert psykosepost? Då er dette stillinga for deg!
Vi har ledig stilling som overlege/psykiater ved Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre - Psykose sengepost Sunnmøre frå 1. september.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld for øvrig 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Sunnmøre, Lokal sikkerheitspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering.
Vi søkjer ein erfaren og dedikert overlege, spesialist i vaksenpsykiatri, til vår nyetablerte psykosepost. Du vil få ei unik moglegheit til å vere med på å bygge opp og utvikle eit innovativt behandlingstilbod for personar med psykoselidingar.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering av nysjuke personar med psykoselidingar.
- Utvikling og implementering av individuelle behandlingsplanar.
- Medikamentell behandling og oppfølging.
- Psykoterapeutisk behandling og støtte.
- Tverrfagleg samarbeid med psykologspesialist, sjukepleiarar, sosionomar og anna helsepersonell.
- Rettleiing og undervisning av kollegaer og helsepersonell.
- Deltaking i forskings- og utviklingsprosjekt.
Kvalifikasjonar
- Spesialistgodkjenning i vaksenpsykiatri.
- Erfaring med utgreiing og behandling av psykoselidingar.
- Sterke kliniske ferdigheiter og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Interesse for forsking og utvikling innan psykiatri.
- Evne til å rettleie og undervise helsepersonell.
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som er nytenkjande og endringsorientert.
- Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer.
- Du er ein miljøskapar der det faglege og sosiale miljøet kan vekse og utviklast.
- Du er ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengst.
- Du har evne til å tåle stress og stå i krevande situasjonar.
- Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø.
- Du har interesse for forbetringsarbeid og forsking.
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande stilling ved ein nyetablert psykosepost.
- Moglegheit til å vere med på å forme behandlingstilbodet.
- Eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning.
- Ein inkluderande arbeidsplass.
- Løn etter gjeldande overeinskomstar.
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar,
[email protected]
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4933519601
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025