Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet.
Avdelinga infrastruktur og veg skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg, og ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og
miljøvenleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling.
Planlegging og utbyggingsavdelinga har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Avdelinga dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre.
I seksjon for grunnerverv er vi tolv grunnervervarar, sju eigedomslandmålarar/-eigedomsforvaltning og ein merkantil medarbeidar. Vi er fordelt på kontorstadane Leikanger og Bergen. Vi søkjer no etter grunnervervar i fast stilling med kontorstad Bergen.
Arbeidsoppgåver
Som grunnervervar vil du få utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Aktuelle oppgåver er:
- Kjøp av grunn og rettar til bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet.
- Innløysing av bustader og andre bygningar.
- Delta i prosjektgrupper i heile fasen frå planlegging til veg ferdig bygd.
- Verdsetting av eigedommar og gjennomføring av forhandlingar med grunneigarar.
- Førebu og gjennomføre ekspropriasjon og tvangstiltreding når det er nødvendig.
- Førebu og bistå ved gjennomføring av skjønn for domstolane i nært samarbeid med advokat.
- Oppfølging og kontakt med grunneigarar i anleggsfase og sørge for utbetaling av erstatningsoppgjer.
- Forvalte vegeigedommar, restareal og eigedommar innløyst i samband med grunnerverv.
Hos oss kan du forvente:
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Kvalifikasjonar
- Vi krev utdanning på masternivå eller tilsvarande innan fagområde som eigedomsfag, jordskiftefag eller juridiske fag.
- God fagleg og etisk vurderingsevne.
- Førarkort for personbil, klasse B.
Det er sjølvsagt ønskjeleg med erfaring innan grunnerverv, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkja.
Personlege eigenskapar
Stillinga inneber mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg difor vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk. Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Anna informasjon
- Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod stilling.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Kontaktinformasjon
Odd-Sverre Johansen, leiar, 95191913
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4952111788
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2025