Lignende stillinger
Gjennom si sjølvstendige stilling og høge faglege kvalitet er domstolane samfunnet sitt fremste organ for løysing av konfliktar. Domstolane bidreg til vern av den enkelte sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skapa tillit i befolkninga ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømmande verksemd.
Gulating lagmannsrett har ledig ein konstitusjon som lagdommar i perioden 18. august - 31. desember 2025.
Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet med 32 dommarembete, 8 juridiske utgreiarar og om lag 20 saksbehandlarar/administrative stillingar. Domstolen vert leia av ein førstelagmann og er organisert i to dommaravdelingar, ei utgreiareining og ein administrasjon med sekretariat og fellestenester.
Lagdømmet består av Vestland og Rogaland lagsokn. Domstolen har lokale sentralt i Bergen, og har dessutan faste rettslokale i Stavanger og Haugesund. Ein del reising må påreknast.
Gulating lagmannsrett er ein heildigital domstol. Domstolen legg vekt på høg kvalitet, effektivitet og god service overfor brukarane av domstolen.
For kandidatar som vert innstilte, er det krav om uttømmande politiattest.
Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og spegla befolkningssamansetninga generelt – både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid, og eit godt arbeids- og fagmiljø.
Lønna for lagdommarar er per i dag kr. 1 492 400,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.
Vi utarbeidar offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysningar om kven som har søkt kan verta gjorde offentlege, sjølv om ein søkjar har bede om konfidensiell handsaming.
Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.