Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Jobbkonsulent i Førde: Gjer ein forskjell i arbeidslivet!

Origod Fram As

Øyrane 2, 6800 SUNNFJORD
Fast
Privat
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Origod er den største arbeids- og inkluderingsbedrifta i Sunnfjord og saman med NAV tilbyr vi ei rekke arbeidsretta tenester. Vårt mål er å bidra til eit arbeidsliv som har plass til alle. Vi har auka oppdragsmengd og søker etter deg til stillinga som jobbrettleiar i tiltaket Oppfølging.

Hva vi ser etter

Har relevant 3-årig høgare utdanning. På grunn av kompetansekrav frå vår oppdragsgjevar er dette eit minimum.

  • Er ein engasjert person med erfaring frå rekruttering, spesielt tilsettingar

  • Er god på å strukturere eigen arbeidskvardag

  • Har erfaring frå inkludering av utsette grupper i ordinært arbeid

  • Opptatt av å bygge gode relasjonar, motivere og skape refleksjon til endring

  • God kjennskap til den lokale og regionale arbeidsmarknaden i Sunnfjord

  • Jobbar målretta og strukturert, som trivest med varierte oppgåver

  • Har god kommunikasjons- og samarbeidsevne

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne og gode digitale ferdigheiter

Arbeidsoppgaver

Tiltaket har som formål at deltakarane skal få bistand til å komme i og / eller halde på ordinært lønt arbeid. For å lukkast som rettleiar hos oss, må du være ein relasjonsbyggar og trivast med oppsøkjande arbeid. Er du interessert i ein jobb med meining, likar hektiske dagar og er strukturert? Då er du akkurat den vi leitar etter!

  • Kartlegging, karriererettleiing og bistand til å sjå moglegheiter på arbeidsmarknadane

  • Aktivt marknadsarbeid og jobbutvikling for å skaffe aktuelle arbeidsplassar for deltakar

  • Individuell rettleiing og oppfølging av både deltakar og arbeidsgjevar

  • Vurdering av og bistand til tilrettelegging av arbeid og arbeidssituasjonen

  • Samarbeid med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte

  • Journalføring og rapportskriving. Samarbeide med kollegaer i team

Vi tilbyr

Vår avdeling består av menneske med variert kompetanse på høgt nivå. Vi er svært opptatt av å ha eit faglag utviklande og godt arbeidsmiljø der alle bidreg med godt humør og fagleg engasjement. Personlege eigenskapar vil difor bli vektlagt. Vi tilbyr:

  • Et godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåve

  • Stor grad av sjølvstende og utviklingsmoglegheiter

  • Opplæring i metodar og verktøy som skal nyttast i tiltaket.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.