Lignende stillinger
Dr. Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin (AFR) i Helse Bergen. institusjonen ligg i Ytre Sandviken. Vi gjev tilbod om behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR Dr. Martens har to poster; ein tvangspost og ein stabiliseringspost.
Tvangspost: Sengeposten har 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Overordna målsetting med opphaldet er avrusing, stabilisering samt motivering og tilrettelegging for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Dette kan innebere både å hindra akutt, livstruande skade i nær framtid, og på sikt få pasienten rusfri eller inn i eit tilvære med vesentleg lågare rusmiddelforbruk. Det blir lagt vekt på høg grad av individuell tilrettelegging og brukarmedverknad, og tett samarbeid med pårørande og kommunale tenester/andre tenester. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår.
Det er ledig fleire 18% helgestillingar ved Tvangsposten med arbeid kvar 3 helg (dag/ettermiddagsvakter). Det er arbeid fredag, laurdag og sundag, og laurdag - sundag, annankvar arbeidshelg.
Avrusing/korttidspost: Sengeposten har 10 sengeplassar, gir tilbod om avrusing og korttidsopphald. Opphaldet består av mellom anna individuell oppfølging, undervisning og gruppesamtalar, samt fokus på fysisk aktivitet.
Det er ledige ein helgestilling 18% ved Korttidsposten med arbeid kvar 5 helg (fredag, laurdag og sundag) med langvakter laurdag og sundag. Behovet til denne stilling er sjukepleiar eller vernepleiar.
NB! I søknadstekst ber vi om at det blir oppført ønska stilling ein søker på.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.