Lignende stillinger
Har du lyst på ein jobb som gir deg faglege utfordringar, allsidige arbeidsoppgåver og gode kollegaer?
Vi søkjer dyktige intensivsjukepleiarar og sjukepleiarar til våre intensiv- og postoperative seksjonar. Her får du anledning til å arbeide saman med engasjerte og høgt kvalifiserte kollegaer.
Som ein del av vårt team vil du bidra til avansert pasientbehandling og overvaking, både innan intensivmedisin og postoperativ pleie.
Vi ser etter deg som er utdanna intensivsjukepleiar med eit sterkt fagleg engasjement, og som set pasientsikkerheit i fokus. Du er ein lagspelar som ønskjer å bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. I tillegg har du evne til å handtere utfordrande situasjonar på ein strukturert og trygg måte.
Spesifiser i søknaden kva for seksjon du ønskjer å jobbe i. Det er òg mogleg å jobbe i ei stilling som er delt mellom to av seksjonane. Tilsetjinga føreset arbeid i tredelt turnus.
Intensivmedisinsk seksjon har regionsfunksjon i vest, er ei topp moderne intensiveining med 13 intensivsenger og behandlar opp mot 600 intensivpasientar årleg i alle kategoriar, frå barn til vaksne. Seksjonen held høg fagleg standard i eit spennande miljø med pasienten i sentrum og stort fokus på fag, forsking og utdanning. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir nytta, er respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Kontakt: Seksjonsleiar Siril Iren Sagstad, tlf 414 54 282.
Postoperativ Glasblokkene er lokalisert over to etasjar. Vi overvakar og behandlar pasientar etter obstetrisk og gynekologisk kirurgi, endokrinkirurgi og augekirurgi. I april 2024 utvida vi drifta til postoperativ overvaking etter barnekirurgi. Vi ser no etter deg som deler vår interesse for kvinnehelse og barn, og som ønskjer å bidra til vidare vekst og suksess. Vi vil utvikle vår kompetanse og drift på tvers av etasjane, for både barn og vaksne. Kontakt: Seksjonsleiar Svanhild Foldnes Sangolt, tlf 475 15 846/ 932 60 809.
Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der vi overvakar og behandlar om lag 12 000 pasientar årleg. Postoperativ seksjon overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar òg imot eit stort tal øyeblikkeleg hjelp- og traumepasientar. Kontakt: Seksjonsleiar Benedicte Mjelde Vogt, tlf 55 972 436 / 996 42 393.
Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon (TIO) ivaretek hovudsakleg nyopererte hjarte- og lungepasientar. Seksjonen behandlar òg kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik moglegheit til å utvikle deg fagleg både for intensivpasienten og den postoperative pasienten. Kontakt: Seksjonsleiar Laila Hauge, tlf 55 970 376 / 922 54 846.
Seksjonane er ein del av Intensiv- og postoperativ avdeling i Kirurgisk serviceklinikk.
Vi ønskjer oss intensivsjukepleiarar som vil ha fagleg vekst, varierte og spennande utfordringar. Vi vil
kontakte aktuelle kandidatar fortløpande.
Trykk her for å lese meir om Intensiv- og postoperativ avdeling og dei fire seksjonane.
Trykk her for å lese meir om Kirurgisk Serviceklinikk.
Vi treng deg, du er viktig for oss!
Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med avdelinga og /eller sjukehuset si utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.