Øyeseksjonen er ein moderne seksjon som held til i lyse og trivelege lokale. Vi har fem overlegar, tre LIS-legar, åtte sjukepleiarar, ein optikar, ein ortoptist og fire sekretærar. Vi legg vekt på høgt fagleg nivå og har eit godt samarbeid med førstelinjetenesta og private aktørar.
Vi søkjer ein sjukepleiar i fast stilling, helst med erfaring frå øyeefaget, som er fleksibel, trivst med nye utfordringar og likar å samhandle med nye kollegaer og ulike pasientgrupper. Helsetenesta står framfor store logistikkutfordringar i åra som kjem, og søkjaren må vere positiv til oppgåvegliding og effektivisering.
Øyeseksjonen er ei aktiv eining med om lag 13 000 polikliniske konsultasjonar i året og operativ drift.
Kva går jobben ut på?
- Varierte arbeidsoppgåver med pasientkontakt og teneste i poliklinikk og på operasjonsstove
- Utføre diverse undersøkingar på medisinsk tekniske apparater som: Fundusfoto, Flouresceinangiografi, OCT, Biometri, Synsfelt/perimetri
- Assistere øyelegen på operasjonsstova
- Gjennomføre diabetesscreening og glaukomscreening hos pasienter med Diabetes/Glaukom
- Den ansatte forplikter seg til, etter tilstrekkeleg opplæring, å gjennomføre intravitreale injeksjonar sjølvstendig
Kva kompetanse er viktig i denne rolla
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Grunnleggjande IKT-kompetanse
- Erfaring med DIPS blir vektlagd
- Erfaring frå øyefaget eller operasjon blir vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Bidreg til fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Taklar høgt arbeidstempo i ein travel poliklinikk
Kvifor skal du velje oss?
- hos oss får du jobbe i ei avdeling med varierte arbeidsoppgåver og eit triveleg arbeidsmiljø
- vi tilbyr vidareutdanning innan øyefaget
For at vi skal kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjaren gi opplysning om dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Elvisa Selimovic, Funksjonsleiar
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4980770885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.06.2025