Vi ser etter deg som er engasjert, tydeleg og løysingsorientert, og som vil leie byggesaksavdelinga i Ålesund kommune.
Som avdelingsleiar for byggesaksavdelinga vil du vere ein viktig bidragsytar når det gjeld utvikling av Ålesund kommune, dialog med utbyggarar, overordna mynde og anna relevant bransje, samt eit bindeledd internt mot andre fagverksemder.
Hos oss vil du leie og vere ein del av eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø. Du vil arbeide tett med kompetente fagfolk innan ingeniørfag, jus, arkitektur med meir. Avdelinga har ansvar for handsaming av saker etter byggesaksdelen i plan- og bygningslova, dette omfattar også dispensasjonssaker.
Avdeling byggesak er ein del av verksemd for plan og bygning. Avdelinga har ca. 15 tilsette per no, og er tverrfagleg samansett. Fleire av dei tilsette på avdelinga er relativt nye, og det er også tenkt at avdelinga vil bli oppbemanna ytterlegare i tida framover. Som avdelingsleiar vil du spele ei viktig rolle i å legge til rette for stabilitet på avdelinga, samstundes som det blir prioritert å handsame saker til rett tid, auke kvaliteten i tenesteproduksjonen og syte for eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområder og målsettingar.
- Delegert økonomi- og personalansvar for avdelinga.
- Fagansvar for avdelinga.
- Legge til rette for god dialog med innbyggjarar, næringsliv og overordna mynde.
- Stimulere til tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av verksemder og avdelingar.
- Inspirere og motivere medarbeidarane.
- Aktivt bidra til meir effektive og digitale løysingar for organisasjonen og innbyggjarane.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan eit eller fleire relevante fagområder, fortrinnsvis på masternivå.
- Dokumentert og relevant leiarerfaring kan kompensere for utdanning.
- Erfaring med økonomistyring, personalleiing og omstillingsarbeid.
- Kjennskap til avdelinga sitt ansvarsområde/fagområde.
Personlege eigenskapar
- Evne til å planlegge, styre og kvalitetssikre, ta avgjersler, prioritere og avklare forventningar i samsvar med mål og rammer.
- Evne til å legge til rette for meining, meistring og motivasjon, bygge tillit og trygge meistringsklima og arbeidsmiljø.
- Evne til å kontinuerleg tilpasse og utvikle verksemda og arbeidsmåtar til nye behov og krav i eit strategisk perspektiv.
- Du må kunne bygge nettverk og samhandle med eksterne aktørar.
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og du må kunne utøve fleksibilitet.
- Fagleg integritet, god sjølvinnsikt og ei tydeleg stemme.
Vi tilbyr
- Fagleg spanande og varierte oppgåver.
- Godt tverrfagleg arbeidsmiljø.
- Tilrettelegging for fagleg utvikling.
- Ei moglegheit til å påverke morgondagens samfunn.
- Lønn etter avtale.
- Fleksibel arbeidstidsordning.
- Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring.
Kontaktinformasjon
Silja Øvrelid, Verksemdsleiar,
[email protected]
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn
Referansenr.: 4921944540
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2025