Lignende stillinger
Vi har ledig ei fast stilling for lege i spesialisering i generell indremedisin.
Ved medisinsk avdeling på Stord sjukehus har vi 9 LIS 2/3 stillingar og ei todeling av vaktdøgnet som inneber at ein ikkje treng å arbeide heile døgnvakter. Vi legg til rette for at du skal kome gjennom alle anbefalte kurs for di spesialisering på normert tid. Det er faste dagar for fordjuping i den rullerande vaktplanen.
Som LIS 2/3 i vår avdeling deltar du i vaktarbeid i akuttmottak, postarbeid og poliklinikk. Du får mykje ansvar under tett oppfølging av våre overlegar som er indremedisinarar, lungelegar, gastroenterologar, nefrologar og kardiologar.
Hos oss får du gjennomført mange av læringsmåla i indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi.
Det er moglegheit for å fullføre di spesialisering ved Helse Bergen som vi har samarbeidsavtale med.
Vi vil også leggje til rette for at du kan fullføre spesialiseringa di ved eit anna sjukehus.
Utdanningsplan for spesialiseringa finn du HER og du kan lesa meir om korleis det er å jobbe ved Stord sjukehus og bu i Sunnhordland HER.
Fastlegar med behov for sjukehusteneste er og hjarteleg velkomen hos oss (ALIS).
Stillinga er ledig fra 01.03.25. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande.
Mangfoldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.