Om stillinga:
Me har ledig 100% fast stilling som lærar ved Marvik skule frå 01.08.25.
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø i Suldalsskulane, der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
Arbeidsoppgåver:
Marvik skule er ein fådelt barneskule med 24 elevar.
I stillinga inngår kontaktlæraransvar.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule.
- Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
- Du må vera fleksibel og positiv.
- Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
- Suldalsskulane nyttar læringsbrett i undervisning og utviklingsarbeid.
- Du må trivast saman med elevar og føresette.
Personlege eigenskapar:
- Vera positiv og ha god relasjonskompetanse
- Gode kommunikasjonsevner
- Vera ein tydeleg og varm klasseleiar
- Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta
- Ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema:
Søk her