Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - vikariat

Universitetet i Bergen

Christiesgt. 18, 5020 BERGEN
Vikariat
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Studiekonsulent (seniorkonsulent) - vikariat 

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig eit vikariat som studiekonsulent (seniorkonsulent) for to år med moglegheit for forlenging med eit år. Stillinga er ledig frå 1. januar 2025.

Om instituttet 
Institutt for fysikk og teknologi driv forsking og undervisning på mange felt ifrå klassisk fysikk og til bruk i ulike teknologiområde som t.d. energi og havteknologi. Vi utdannar kandidatar på bachelor, master- og doktorgradsnivå, og deltar i fleire tverrfaglege studieprogram på NT-fakultetet. 

Studieadministrasjonen ved IFT har blant anna til oppgåve å legge til rette for eit godt studieløp for studentane våre. Koordinering med samarbeidande institutt og fakultetet er ein sentral del av arbeidet i studieadministrasjonen, og du vil jobbe tett saman med både studentar og tilsette ved instituttet.


Arbeidsoppgåver:

Stillinga vil innehalde varierte oppgåver innan studieadministrasjon. Ditt hovudansvar vil vere:

  • Administrasjon av bachelor- og masterprogram ved instituttet
  • Rettleiing, mottak og oppfølging av studentar
  • Eksamensarbeid og timeplanlegging
  • Samarbeid med undervisarar om studieprogramma

Andre administrative oppgåver kan også bli aktuelt, til dømes arbeid med opptak, studentrekruttering og informasjonsarbeid, oppgåver knytt til tilsetting av studentmedarbeidarar, rutineutvikling og deltaking i fagleg-administrative nettverk.

Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid. 


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha utdanning på masternivå. Bachelorgrad kombinert med lang relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad.
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller anna høgare utdanning/forvaltning er eit krav.
  • Det er naudsynt med god digital kompetanse.
  • Erfaring frå studieadministrativt arbeid vil bli vektlagt.
  • Kjennskap til dei studieadministrative systema på universitetet er ein fordel.
  • Realfagleg bakgrunn er også ein fordel.


Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein kollega som 

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar 
  • er serviceinnstilt, fleksibel og positiv 
  • er målretta og har god gjennomføringsevne 
  • er sjølvstendig og strukturert, tek initiativ og bidreg til å finne løysingar.
  • har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter 
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø 

Det vert lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.


Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • løn som seniorkonsulent (kode 1363) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 557 100– 604 900 (tilsvarande lønstrinn 57-62). For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Kjetil Ullaland ([email protected], tlf. 55 58 28 71) eller administrasjonssjef Elisabeth Holba ([email protected], tlf. 55 58 35 72) ved Institutt for fysikk og teknologi. 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Thea Thingnes, e-post [email protected]

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.