Lignende stillinger
Hei, ynskjer du å arbeide i Gloppen Kommune i sommar? Har du erfaring frå arbeid innan helse, eller lurer du på om dette er noko for deg? Eller er du nyutdanna sjukepleier, vernepleier og kunne tenkt deg å prøve ut og arbeide i medleverturnus?
Miljøarbeidertenesta yter tenester til menneske med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har 55 årsverk fordelt på åtte avdelingar, og yter tenester til menneske i alder 7 til 84 år- Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar tverrfagleg for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Avdeling 1: Furubu og Solsikka yter tenester til menneske med utviklingshemming og mennesker med psykiske lidingar. Solsikka er avlastning for barn og unge. Her er det tredelt turnus med dag, kveld og natt. På Furubu arbeider ein langvakter på 14 timar.
Avdeling 2: Myklebusttunet og Nordåsen yter tenester til mennesker med utviklingshemming og psykiske lidingar. Dei tilsette arbeider medlevarturnus, langvaktturnus eller to-delt turnus med dag/kveldsvakter. Det er behov for ferievikar som vernepleier/sjukepleiar i medlevarturnus.
Avdeling 3: Åsateigen og Åsavegen yter tenester til mennesker med utviklingshemming. Her arbeider ein langvakter, og det er ledig stilling for vernepleier/sjukepleier i medlevarturnus.
Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet.
Søknadane vert handsama fortløpande.
Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og søkjarar som kan jobbe frå veke 27 til 32 vert prioritert.
Arbeidsoppgåver