Lignende stillinger
Me søkjer etter sommarvikarar perioden frå veke 26 til og med veke 33. Me søkjer i utgangspunktet etter sommarvikarar som kan jobbe i 100% stilling men stillinga kan delast opp i mindre stilling dersom det er ønskjeleg. Arbeidet inneber jobb på dagtid frå klokka 07.00 og noko kveldstid (til kl. 19.00), og helg.
Me ser også etter deg som er fleksibel og kan stille opp på kort varsel når me treng deg. Det kan vere aktuelt med sporadiske vakter frå mars/april.
Kjøkkenet produserer og leverer mat til alle måltida til pasientane ved Voss sjukehus. I tillegg produserer vi mat til kantina som er open for pårørande og tilsette ved sjukehuset. På grunn av oppussing av kjøkkenet vert kjøkkendrifta for tida utført i eit midlertidig brakkerigg. Innflytting i heilt nytt kjøkken er planlagd våren 2025, så dette vert ein spanande periode der du kan få moglegheit å vera med i flytteprosessen og oppstart i det nye kjøkkenet med mange gode løysingar og heilt nytt utstyr.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og Hardanger. Voss sjukehus har rundt 400 tilsette.
Voss herad har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.