Har du ein yrkesbakgrunn som du tenkjer kan være relevant og eit sterkt ynskje om å bidra til å "løfte" personar i arbeidslivet?
Vi har ledig faste stillingar til drifta vår både på indre og ytre i dei sju kommunane vi jobbar i. Stillingane er knytt til tiltaka VTA og AFT
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
- Er trygg på deg sjølv og likar å vere med og bygge relasjonar
- Likar å utfordre, bidra til løysingar og ha forventningar til andre og deg sjølv
- Likar å vere ilag med og rundt alle typar folk
- Meistrar å ha mange ballar i lufta
- Er god både på munnleg og skriftleg framstilling
- Er positivt opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Kjenner godt til lokalt næringsliv
Kompetansekrav:
- Bachelor, fagbrev eller tilsvarande - fagområde kan til dømes vere marknad og sal, HR, helse og sosialfag, pedagogikk m m.
- Effektiv i bruk av data som arbeidsreiskap
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Arbeidsoppgaver
- Følge opp arbeidstakarar i VTA og AFT tiltaka
- Kontakt med og oppfølging av arbeidsgjevarar i samband med praksisplassar, arbeidsutprøving og arbeidsformidling.
- Karriererettleiing og oppfølging av personar som treng utvida bistand for å skaffe eller behalde arbeid
- Skriftleg rapportering etter gjeldande krav
- Undervisning i mindre grupper
- Samarbeid med lokalt næringsliv om framtidas kompetanse og opplæringsbehov og vegen fram til formell komptetanse
Vi tilbyr
Vi kan tilby:
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt og skapande miljø både i Furene og gjennom vårt medlemsskap i Kopano
- Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæring i relevante verkty
- Aktivt trivselslag