Lignende stillinger
Vil du vere med på laget vårt?
Jobben som behandlar i BUP gir kvar einaste dag høve til å gjere ein meiningsfull skilnad. Vi legg til rette for di faglege utvikling.
I psykisk helsevern for barn og unge i Møre og Romsdal har vi eit levande forskingsmiljø, og fleire pågåande innovasjonsprosjekt. Ved BUP poliklinikk Molde har vi etablert eit eige nevroteam, der vi også har funksjonen ADHD-sjukepleiar. Vi har eit breitt samansett og spennande fagmiljø, som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira.
Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team. Vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve. Satsinga "Barn og unges helseteneste" er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal og alle kommunane i fylket, der det vert utarbeida samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hjå barn og unge. Forløpa er no under implementering.
Dersom du synest dette høyrest spanande ut, og du tenkjer du har relevant kompetanse, så ynskjer vi å kome i kontakt med deg!
Oppstartstidspunkt for stillinga vert etter nærmare avtale med seksjonsleiar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her