Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Lærar Florø ungdomsskule

Kinn kommune

Havrenesvegen 4, 6905 KINN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vi søker inntil 2 lærarar i 100%  stilling frå 1. august 2025. 

1 stilling er knytt til faga norsk, samfunnsfag, KRLE og valfag.
1 stilling er knytt til faga matematikk, naturfag og valfag.  

Florø ungdomsskule har skuleåret 2024/ 2025 ca. 460 elevar i 17 klasser og 80 tilsette. Vi har ei eiga avdeling for særskild norskopplæring og integrering. Det vert lagt vekt på kontinuerleg profesjonsutvikling etter mål om inkluderande praksis og eit godt og trygt miljø for alle. Dette inneber at dei tilsette må vere utviklingsorienterte både kollektivt, gjennom samskaping, og individuelt, i forhold til eigen praksis. Saman med dei andre skulane i Kinn arbeider vi systematisk med inkluderande skulemiljø. Skulen satsar på forsterka tilpassa opplæring, og har to lærarar i kvar klasse i norsk, engelsk og matematikk. Teknologi er eit satsingsområde, og alle elevar og tilsette har eigne digitale einingar. Florø ungdomsskule har tradisjon for kulturbaserte miljøprosjekt, t.d. konsertar og musikaloppsetjingar, og aktivitetar i fellesareala våre som engasjerar og inkluderar. Vi søkjer etter engasjerte lærarar med gode fagkunnskapar og evne til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referanse.

 

Arbeidsoppgåver

Lærings- og undervisningsoppgåver, kontaktlærar. 

Kvalifikasjonar

Lærarutdanning, gjerne tilsvarande masternivå
Erfaring frå grunnskule helst ungdomstrinn
Relasjonsorientert og med evne til samhandling og rettleiing.
Undervisningskompetanse tilsvarande kompetansekrava på ungdomstrinnet.

Personlege eigenskapar

Ønskjelege eigenskapar:
Engasjement til å skape gode lærings-og utviklingsvilkår for ungdom
Oppteken av eiga læring og utvikling, og trivast i eit miljø som gjev deg høve til dette.
Evne til profesjonsetisk refleksjon
Initiativrik og stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

Gode løns-og pensjonsvilkår
Tilgang til god kompetanseutvikling
Eit spanande og dynamisk kollegium!

Kontaktinformasjon

Jan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, +47 91586981

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4945542563
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 11.04.2025