Lignende stillinger
Ålesund kommune ved verksemd arbeid og aktivitet vil gi tre ungdommar som skal starte eller som går på vidaregåande skule, og som har ei utviklingshemming tilbod om sommarjobb. Du vil få moglegheit til å jobbe i inntil 4 veker frå skuleslutt til skulestart, og i inntil 15 timar per veke. Har du ein draum/tankar om kva du vil arbeide med i framtida? Dersom du har dette hører vi gjerne fra deg.
Vi vil i samarbeid med deg og dine nærpersonar og andre prøve å bistå deg slik at du får sommarjobb innan noko du ser for deg du vil halde på med i framtida. Du kan også berre ha eit ønske om å teste ut arbeidslivet. Vi ønsker at du skal oppleve mestring, inkludering og trivsel i ditt møte med arbeidslivet. Vi vil hjelpe deg å prøve å finne ein arbeidsplass der du kan trives, og som kan skape motivasjon til val i framtida. For å kunne lykkast er vi avhengig av å samarbeide med arbeidsplassar som kan ha ein fadder som fyl deg opp i aktuelt tidsrom.
Kanskje er draumejobben din i barnehage, på sjukeheim, på hotell, som vaktmester, på butikk, på cafè eller liknande. Vi kan ikkje love at vi lukkast å finne jobb akkurat der du ønsker, men vi skal gjere vårt beste. Kanskje kjenner du nokon som kan bidra med å skaffe deg sommarjobb og følge deg opp?
Sjekk ut dette tilbodet til NAV: Tilskudd til sommerjobb-nav.no.
Dette er verdt å undersøke dersom du ikkje fyller kriteriar for å søke på sommerjobb i denne annonsa. Det er ønskeleg at dei som hadde sommerjobb i 2024 via Ålesund går i dialog med aktuelle arbeidsgivere og NAV snarleg for å finne ut om ein kan nytte tilskuddsordninga det er lenka til. Dersom det ikkje er mogleg kan ein søke på sommerjobben via Ålesund kommune.
Du vil få ein avtale om arbeidspraksis med oppmuntringspengar frå Ålesund kommune. Vi tilbyr 166 kroner timen.
Oppmuntringspengar vil bli utbetalt av Ålesund kommune sjølv om du har praksis i det private næringslivet. Oppmuntringspengar vil ikkje generere feriepengar til komande år. Dersom du får sommerjobb via tilskuddsordninga til NAV vil deira reglar gjelde.
Du vil få prøve deg i arbeidslivet slik du kan lettare ta val om kva du vil arbeide med i framtida.
Du vil bli kalla inn til intervju dersom du fyller vilkår for å få sommerjobb/arbeidspraksis. Ålesund vil etter kriteriar gjere eit utval av kandidatar som får komme til intervju. Ved mange søkere vil kandidatar som ikkje har fått moglegheiten tidlegare bli prioritert dersom ein fyller kriteriane for å få sommerjobb.
Saman lagar vi informasjon som blir gitt til aktuell arbeidsgiver.
Du leverar timelista di til arbeid og aktivitet før 25 august og får utbetaling den 12 september 25.