Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Journalist – 100 % stilling – Tysnes

Bladet Tysnes As

Teiglandsvegen 5, 5680 TYSNES
Fast
Privat
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Bladet Tysnes søker etter ein ny journalist til å bli med på laget i ei 100 % fast stilling. Hos oss får du jobba med store og små nyhende, koma tett på eit levande lokalsamfunn og bli ein del av ei avis med lange tradisjonar og eit brennande ønske om å utvikla seg på nye og spennande måtar.

Hva vi ser etter

Me ser etter deg som

  • har erfaring frå journalistisk arbeid og/eller utdanning som journalist

  • er nysgjerrig, sjølvstendig og meistrar nynorsk

  • jobbar raskt og er trygg på presseetikken

  • har førarkort klasse B

Arbeidsoppgaver

Som vår nye journalist ønskjer me at du skal bidra til å løfta og utvikla avisa vidare, til glede både for dei som les digitalt og på papir.

Me er opptatt av å få fram dei gode historiene frå vår flotte kommune, og samtidig setja søkelyset der søkelyset bør setjast. Me dekker alle sider av lokalsamfunnet, frå politikk og krim til sport og kulturliv, og som journalist i Bladet Tysnes får ein prøva seg innanfor dei fleste felt.

Stillinga går inn i ei vaktordning med kveld og helger.

Vi tilbyr

  • ein variert og spennande arbeidskvardag

  • stor tillit, mykje ansvar og moglegheit til å påverka utviklinga av avisa

  • sjansen til å jobba med eigne idear og saker

  • moglegheiter for kurs og fagleg påfyll