Vil du vere med og gjere ein forskjell for unge vaksne i behandling?
TSB-posten ved Haugaland DPS i Kopervik gir døgnbasert rusbehandling og ettervern til pasientar mellom 18 og 26 år. Her blir du ein del av eit tverrfagleg team med blant anna spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, miljøterapeutar, lege og psykologspesialist – som saman arbeider for å gi pasientane eit nytt grunnlag for vidare meistring i livet.
Vi tilbyr deg ei fast stilling i eit miljø der fag, relasjonar og tryggleik står i sentrum.
👉 Du er velkommen til å søkja!
Kva går jobben ut på?
- Miljøterapi
- Pasientbehandling i tverrfaglege team
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Ansvarsvakt
- Tilrettelegging for, og deltaking i, fysisk aktivitet
- Tilrettelegging for, og deltaking i, samtalegrupper
- Samarbeid med interne og eksterne instansar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bachelor i vernepleier med eller uten relevant videreutdanning
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ein fordel
- Interesse for fysisk aktivitet i behandling
- Sertifikat for bil
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er oppriktig engasjert i pasientgruppa
- samarbeider godt og bygg tillit i teamet
- er trygg i møte med andre og god til å skape relasjonar
- formidlar bodskap på ein klar og tydeleg måte
- møter både kollegaer og pasientar med rausheit og godt humør
- tek ansvar og jobbar sjølvstendig
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman.
- Høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer.
- Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
- Ein arbeidsplass med fokus på inkludering og mangfald.
Kontaktinformasjon
Trude Rødseth Lygre, Funksjonsleder,
[email protected]
Arbeidsstad
Asaldalvegen 1
4250 KOPERVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5006487692
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2025