Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Spesialkonsulent - Kulturarena - 100% fast

Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling

Rosendalsvegen 10, 5470 KVINNHERAD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Omtale av stillinga   

Til Kvinnherad kommune si nye avdeling «Kulturarena» søker vi etter deg som vil jobbe med kulturutvikling og marknadsføring. Avdelinga har to lokasjonar som skal drivast saman; Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Arena.      

Kulturhuset Husnes driv kulturproduksjon med arrangement, kino og servering i lokale i Husnes sentrum. Kultursenteret skal vere eit kommunalt og regionalt kraftsenter for kunst og kultur og ein attraktiv arena for møte, kurs, konferansar og seminar. Kvinnherad Arena er kommunen si nye kulturelle storstove, ein stor og variert idrettsarena både for breidde- og toppidrett og ein viktig arena for opplæring.      

Du blir del av eit team og skal ha medansvar for utvikling og drift slik at tilboda får spela ei rolle i barn, unge og vaksne sine liv. Næringslivet skal òg dra nytte av våre fasilitetar, og vidareutvikling skal skje i godt samspel med aktørar innan kultur og idrett i kommunen.   

  Delar av kommunen sine kulturtenester er under reorganisering. Denne stillinga er ny og kjem som eit resultat av dette. Det kan såleis koma endringar i oppgåver og som følgje av dette, og etter avtale med arbeidstakar.  

Avdeling Kulturarena skal tilby:   

  • kroppsøvingslokale for skuleelevar og barnehagebarn i området   
  • arrangementsstader for, og samarbeid med, lag, foreiningar og næringsliv   
  • sosiale møteplassar og viktige brikker i barns oppvekstvilkår   
  • oasar for fysisk og kulturell utfalding for barn og vaksne   
  • arrangement, film og kino   
  • kulturelle storstover   
  • fasilitetar både for breiddeidrett og utvikling av toppidrett   
  • ressursar for kommunale tenester elles      

Du skal, saman med dei andre tilsette, omsetje måla til praktisk handling.      

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:   

  • marknadsføring og profilering av aktivitetar og bygga, og strategiarbeid knytt til dette  
  • medansvar for planlegging, programmering og gjennomføring av tilboda   
  • halde god kontakt med brukarar, samarbeidspartnarar og fagmiljø   
  • vere godt vertskap    
  • bygge aktivitet som t.d. kultur- og idrettsarrangement, møte, konferansar og formidling   koordinere med andre kommunale tenester
  • bidra med å vidareutvikle aktivitetar, organisering og lokale   
  • kunne vera arrangementsansvarleg/kontakt  
  • opplæring av kundar  

Ønskte kvalifikasjonar:   

  • relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå (marknadsføring)   
  • relevant arbeidserfaring (marknadsføring, profilering, SoMe, arrangementsleiing)   
  • god kjennskap og erfaring frå lokalt kulturliv og idrettsrørsle   
  • kjennskap til aktivitetsbiletet i Kvinnherad Arena og Kulturhuset Husnes  
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, både norsk og engelsk, og skriv godt nynorsk   
  • førarkort klasse B og tilgang til privatbil   

Ønskte personlege eigenskapar:   

  • stort engasjement og sterk motivasjon   
  • ein iverksetjar og relasjonsbyggjar, diplomatisk og sterk på samarbeid   
  • trivst med å vera synleg og er entusiastisk og kontaktskapande   
  • kreativ, løysingsorientert og ansvarsfull   
  • sterkt motivert for denne typen arbeid, og fleksibel når det gjeld arbeidstid  kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar der det trengs

Vi tilbyr:   

  • ei sjølvstendig, spennande og utfordrande stilling   

  • varierte og interessante arbeidsoppgåver   
  • fleksibel arbeidstid   
  • løn etter kvalifikasjonar og avtale   
  • gode pensjons- og forsikringsordningar   
  • dekking av flytteutgifter etter nærare reglar.   
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 
  • Kvinnherad kommune er ei IA-bedrift. 
  • Bedriftsidrettslag 
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 

 

Arbeidsstaden er for tida Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Arena, Husnes.   

 

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §    10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.   

   


Link til søknadsskjema: Søk her