Bergen Katedralskole er ein av dei eldste skulane i landet og vart grunnlagd i 1153.
Skulen har om lag 1300 elevar/deltakarar og 150 tilsette og har opplæringa på tre ulike lokasjonar. Skulen består av desse avdelingane.
- Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
- Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege Vg1 ST
- Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særleg tilrettelegging
- IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
- Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering
Bergen Katedralskole er ein skule som elevane og dei tilsette er stolte av. Det er lange tradisjonar for godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement. Vi ynskjer å vere ein skule der kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt.
Sjå meir informasjon om skulen på https://www.bergenkatedralskole.vgs.no/
Frå hausten 2024 har vi ein ledig læreplass i Service- og administrasjonsfaget. Lærestaden er på Bergen katedralskole, midt i sentrum, men vi har og avdelingar i to andre bygg i nærleiken. Normal læretid vil vere 2 år dersom du går ordinært løp frå Vg2 Service, sikkerhet og administrasjon.
I læretida vil du mellom anna lære mykje om:
- IKT og bruk av dataverktøy
- Kommunikasjon og service
- Relevante lover og regelverk
Les gjerne meir på nettsida vår om korleis det er å vere lærling i Vestland fylkeskommune:
https://www.vestlandfylke.no/jobb-og-karriere-i-vestland-fylkeskomune/bli-larling-i-vestland-fylkeskommune/
Arbeidsoppgåver
Som lærling i Service- og administrasjonsfaget vil du i læretida jobbe med eit breitt spekter av ulike oppgåver i samsvar med læreplanen.
Døme på dette er:
- Bruke ulike former for kommunikasjon for å samhandle; slik som telefon, e-post og Teams
- Enkel saks- og dokumenthandsaming
- Utarbeiding av rutiner og informasjonsmateriell
- Arbeid med reiserekningar og bestilling/innkjøp av varer
- Arbeid med rekneskap og fakturahandsaming
- Planlegging og gjennomføring av ulike oppgåver
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått vg1 og vg2 på linja for Service, sikkerhet og administrasjon eller tilsvarande
- Gode datakunnskapar
- God munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne, greie engelskkunnskapar er ei føremon
Personlege eigenskapar
- Ei positiv innstilling
- Open og lærevillig
- Villig til å ta initiativ og finne løysingar
- Omgjengeleg, høfleg og strukturert
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff som stig gradvis i læretida
- Arbeidsstad i ein framtidsretta skole med lange og tradisjonsrike røter
- Mogleg å søke utveksling i utlandet gjennom programmet Læretid i Europa
- Oppstart etter avtale haust 2024
Kontaktinformasjon
Siren Ingveig Larsson, leiar administrasjon , 90786662,
[email protected]
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4835905831
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 19.08.2024
Søknadsfrist: 04.08.2024