Gimle skule har ledig ei stilling som spesialkonsulent innanfor IT frå 01.08.2025.
Gimle skule er ein 1-10-skule som ligg midt i sentrum av Fyresdal i nærleik til symje- og idrettshall, kulturhus, bibliotek, helsehus og barnehage. Det er også gangavstand til butikkar og bygdemuseum. Skulen har skateanlegg, leikeapparat og to fotballbanar som elevane kan utfalde seg på, i tillegg til at den ligg rett ved Hamaren Aktivitetspark som er tilrettelagt for både leik, vandring og sykling. Etter skuletid brukast skulen av SFO og kulturskulen.
På Gimle skule arbeider vi kontinuerleg med å skape trygge og gode skulemiljø for elevane kor dei kan oppleve fagleg meistring og sosial inkludering. Per mai 2025 går det 139 elevar ved skulen og det er om lag 30 årsverk. Skulen har rektor og inspektør, samt tre lagleiarar som er knytt opp mot småsteg, mellomsteg og ungdomssteg.
Vi ynskjer no å knytte til oss ein dyktig medarbeidar som it-konsulent/skuleassistent i inntil 100 % stilling.
Arbeidsoppgåver
- Sørge for dagleg drift/vedlikehald av nett-tenester, feilsøking og problemløysing av IT-utstyr og system med meir saman med eksterne samarbeidspartnarar.
- Brukarstøtte ovanfor elevar og tilsette ved skulen.
- Ansvar for innkjøp og oversikt over digitale lisensar.
- Delta i skulens kompetanse- og utviklingsarbeid.
- Delegerte oppgåver frå skuleleliinga.
- Timeplanfesta arbeid inn mot elevar/klasser.
- Skulemiljøarbeid.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå er ynskjeleg (bachelor).
- God digital kompetanse til å nytte skulens digitale plattformer. Vi brukar blant anna Office 365 og ulike Visma-plattformer.
- Det vil vere ein fordel med erfaring frå arbeid i skulen og opp mot digitale plattformer som brukast ved skulen.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ovanfor elevar og kollegaer.
- Interesse og evne til å setje seg inn i nye digitale plattformer/verktøy ved behov.
- Sjølvgåande og god på å strukturere eigen tid.
- Inneha eit positiv elevsyn og tru på at elevane kan lykkast.
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
- Ein spennande og variert kvardag.
Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest.
Kontaktinformasjon
Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97 73 41 52
Arbeidsstad
Fyresdalsvegen 2237
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fyresdal kommune
Referansenr.: 4980124367
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.06.2025