Lignende stillinger
Engasjement i 50% stilling som konsulent hos Hordaland friomsorgskontor i eit år med oppstart snarast.
KRIMINALOMSORGEN REGION VEST HORDALAND FRIOMSORGSKONTOR
Hordaland friomsorgskontor har hovudkontor i Bergen og lokalkontor i Odda og på Stord, med til saman 38 tilsette. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og me legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.
Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå lagd under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføring i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Region vest med ca 500 tilsette har sin regionadministrasjon i Bergen. Region vest administrerar fem fengsel og tre friomsorgskontor, Lyderhorn overgangsbustad og ND-senteret i Bergen.
Konsulent: Hovudoppgåvene for denne stillinga er sakshandsaming og administrative oppgåver. Stillingsinnehavaren har eit sjølvstendig ansvar for den daglege utføringa av oppgåvene, og må ofte utøve skjønn for å kunne treffe ein del av dei nødvendige avgjerdene.
Konsulent
Du må ha
Det er ønskjeleg at du har relevant erfaring frå fagfeltet.
--------------------------------------------------------------------------
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Morten Cornell Jacobsen, leiar for friomsorga i Hordaland, tlf 47314378 eller Hilde Stensvoll Neset, assisterende leiar for friomsorga i Hordaland, tlf. 93874949.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.