Lignende stillinger
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.
Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar i arbeid og vi har ledig sommarvikariat ved:
* Regional sikkerheitspost (RS): Har behov i vekene 24-34 i 3-delt turnus og 3. kvar helg. Du må helst kunne jobbe samanhengande i minimum 6 veker i perioden.
* Lokal sikkerheitspost (LS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. Du må helst kunne jobbe samanhengande i minimum 6 veker i perioden.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Klinikk sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar, der Regional sikkerheitspost (RS) og Lokal sikkerheitspost (LS) er to av dei. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 eller §5.2. Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Kontakt RS : Kjell Paulsen, Tlf. 55958538 eller Bente Baug Grey, Tlf. 55958384
Kontakt LS: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf.55958348 eller Charlotte Sunde, Tlf. 55958354
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.