Vil du vere med å utvikle kompetanse- og næringsområdet?
Vi leiter etter deg som har kompetanse innan økonomi- og statistikkområdet. Din kompetanse er viktig for å tilpasse tenestene våre i tråd med behova i samfunnet.
Statistikk og analyse gir viktig kunnskap for prioriteringar og veival. Økonomiske rammebetingelser legg føringar for korleis vi bruker ressursane, og ny teknologi gir nye moglegheiter til å utvikle gode tenester. Vi treng din kompetanse for å forsterke laget.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene er
- arbeide med økonomiplan- og budsjettarbeid, rekneskap, rapportering og lønn
- identifisere, analysere og overvåke økonomiske risikoer, samt utvikle strategier, rutinar og kontrolltiltak
- gjennomføre økonomiske analysar og utarbeide rapportar som gir innsikt i økonomisk status og moglegheiter
- nytte statistikkverktøy for programmering og utarbeiding av statistikk
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning innan økonomi, helst på masternivå
- relevant erfaring
- gode ferdigheiter innan statistisk metode og analyse
- gode analytiske evner
- god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Vår nye medarbeider
- har ein sterk motivasjon til å utvikle fagområdet i takt med framtidas krav
- har gode samarbeidsevner og bidrar positivt til å skape oppslutning om strategiske veival
- er interessert i ny teknologi og programmering
- evner å prioritere og levere raskt på bestillingar med korte fristar
- arbeider nøyaktig, målretta og sjølvstendig
- har evne til å sjå samanhengar og formidle desse på ein god måte
Vi tilbyr
Dette er ei spennande stilling med moglegheit for å utvikle økonomiområdet i kompetanse- og næringsavdelinga. Her får du både handlingsrom og moglegheit for å utvikle og ta i bruk nye teknologiar i tråd med framtidige krav.
Du får offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring og løn etter avtale.
Kontorstad på fylkeshuset i Molde.
Kontaktinformasjon
Monica Kjøl Tornes, assisterande kompetanse- og næringsdirektør, 97195375,
[email protected]
Arbeidsstad
Julsundvegen 9
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4951921929
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2025