Lignende stillinger
Etne omsorgssenter søkjer etter helsefagarbeidar til demensomsorg i institusjon og dagsenter. Me søkjer deg som kan bidra med helsefagleg kompetanse, brennande engasjement og smittande godt humør som gjer arbeidsplassen til ein god stad å vera. Etne omsorgssenter er eit moderne bygg som er godt tilrettelagt med hjelpemiddel og høgteknologisk velferdsteknologi.
Mellom stupbratte fjell, lange fjordar, knallgrøne enger og imponerande fossefall finn du vakre Etne. Ein liten kommune med 4000 innbyggarar og mange spennande arbeidsplassar. Med ca. 1 time til Haugesund, to timer til Stavanger og 3,5 timer til Bergen er me plassert midt i smørøyet mellom mange fantastiske turistattraksjonar og unike natur- og kulturopplevelsar. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Etne har eit godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske.
I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar. Godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter, 25 meter utandørs oppvarma svømmebasseng, velværetilbod og fysioterapi.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.